Skip to content

Opplysninger om angrerett

Skjema for opplysningar om angrerett

Den næringsdrivande fyller ut og gir skjemaet til forbrukaren. Ved korrekt utfylt skjema er opplysningane i angrerettlova § 8 første ledd bokstav h, i og j, jf. andre ledd, å sjå som gitte.

Angrerett
Du har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går
ut 14 dagar etter den dagen du eller ein annan tredjemann enn transportøren,
som du har peika ut, får varene fysisk i hende.

For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss:
Fimline Dekor DA , Hellebrekkene 25 , 5957 MYKING
Tlf. 90138274 – E-post: post@fimline.no
på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten eller e-post).
Du kan bruke det vedlagde angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk.
For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.

Verknadene av å bruke angreretten
Dersom du går ifrå denne avtalen, skal vi betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg,
medrekna leveringskostnadene (med unntak av tilleggskostnader som følgjer av at du har valt
ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Vi gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den
opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtala noko anna med oss.
I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.

Du må returnere varene eller levere dei til oss, utan unødig opphald og i alle tilfeller seinast 14 dagar
ettter den dagen du sendte oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen. Du har overhalde fristen
dersom du sender varene før fristen på 14 dagar har gått ut.

Du må ta dei direkte kostnadene ved å returnere varene.

Du er ansvarleg berre for ein eventuell reduksjon i vareverdien som kjem av ei anna handtering av varene enn den som er nødvendig for å fastslå art, eigenskapar og funksjon ved dei.

 

Angrerett skjemaer

 

 

 

 

 

 

 

Q-0321N 01.2015

Sikker betaling: 

Trygg levering:

Kontakt oss på telefon

+47  901 38 274

+47  950 01 169

Share This